korgveskefletting

Pileflett: Korgveske

29.mars kommer Mari Fallet Mosand fra Krokvokst til Bølgen bærekraftsenter for å holde kurs i korgfletting!

Dette er eit litt lenger endagskurs der me lager ei veske/korg i pil med lærreimer eller anna handtak. Korga tar utgangspunkt i ein firkanta botn, som gradvis oppover korga blir ei oval form. Teknikken er inspirert av Katalanske korger. Dette er eit veldig interessant og flott prosjekt, som kan varierast mykje i forhald til størrelse, form, fargar, fletteteknikk og funksjon. Ein kan montere to handtak i lær, eller eit lenger til å bli skulderveske, eller lærgreip på sidene til større korger. Det er også mogleg å lage eit handtak i pil eller tre i staden for lærreimer.

Kurset passar fint til nybyrjarar. Om du har vore på pileflett kurs før og fletta korg på rund botn, vil dette vere eit fint kurs for å lære ein annan, og litt meir effektiv måte å bygge opp ei korg på.

Påmelding til krokvokst@outlook.com

Praktisk informasjon

Tid

lørdag, 29. mars
09:00 - lørdag, 29. mars - 17:00

Sted

Bølgen bærekraftsenter

Pris

1.500,- + 300,- for materialer.
Lunsj er inkludert.

Krokvokst.no