Plast representerer eit av det størte miljøproblema i verda i dag. Mange har fått auga opp for plastproblemet dei siste åra, men i byggebransjen er det status quo. Er det på tide å eksnovere plasten?
FutureBuilt, Bølgen og Kristiansand kommune inviterer til live-overføring av FutureBuilts seminar i serien DEL&LÆR hvor det denne gang skal handle om plast og eksnovasjon. Etter live-overføringen fra Oslo inviterer vi til gratis lunsj og samtale om tematikken tatt opp i de ulike innleggene.
Vi trenger påmelding slik at vi kan legge til rette for alle som kommer. Oppgi gjerne matallergier/preferanser om du ønsker lunsj og husk å melde deg av om du ikke kan komme slik at vi slipper matsvinn.
FutureBuilts omtale av arrangementet og program:
I FutureBuilt snakkar vi mest om innovasjon, men denne gongen er det eksnovasjon som står på agendaen. Eksnovasjon er eit nyord som handlar om å avvikle, kutte ned eller kutte ut. Berekraft handlar nemleg ikkje berre om å leggje til meir, men òg om å rydde bort det gamle som ikkje fungerer.
Vi får besøk av kjemikar og podcastar Alexander Sandtorv, som er aktuell med boka Plastparadokset, med den høgst relevante undertittelen «hvordan plast ble uunnværlig, og hvorfor vi må bruke mindre av det».
Vi lanserer eit rykande ferskt verktøy vi har utvikla for å registrere og sortere plastbruken i bygg og eit revidert kriteriesett for plast i bygg.
Og vi får sjølvsagt presentert aktuelle byggeprosjekt som jobbar med å redusere plastbruken og finne betre og meir sirkulære måtar å bruke plast på.
Program
09.00 FutureBuilt og plast
Erlend Seilskjær, fagleg leiar, FutureBuilt
Plastparadokset
Alexander H. Sandtorv
Handelens Miljøfond og plast
Synnøve Fagerhaug Dalen, fagansvarlig sirkulær plastøkonomi, Handelens Miljøfond
FutureBuilt sine kriterium og verktøy for plast – lansering av ny revisjon!
Nora Holand Hay, fagrådgjevar, FutureBuilt
Plast i byggjeprosjekt. Case: Kirkegata 20
Line Røseth Karlsen, berekraftsansvarleg i Höegh Eiendom, og Martin Skjøstad Andersen og Erlend Brenna Raabe begge seniorrådgjevar klima og berekraft i Vill Energi
Plast i byggjeprosjekt. Case: Sørkedalsveien 8
Thea Sundell Robberstad, miljørådgjevar, Rambøll
Design bort plast
Tine Hegli, professor, AHO og Arnkell Jonas Petersen, førsteamanuensis ved NMBU og professor II ved AHO
Samtale
11.30 Takk for i dag
Arrangementet gjennomførast med støtte frå Handelens miljøfond.
Praktisk informasjon:
Vi gjer merksam på at innlegget til Aleksander H. Sandtorv ikkje vil vera tilgjengeleg på nett i etterkant av arrangementet.